Menneske som trur på ei bokstaveleg skaping for under 8000 år sidan er utan tvil ein minoritet i minoriteten, sjølv mellom konservative. Enn så lenge. Paradoksalt nok, så er det likevel dei «bokstavtru» som i all hovudsak er på linje med kristendomens grunnleggar – Jesus Kristus. Lat meg prøve å underbygge den påstanden.
Jesus likte dei skriftlærde si forkynning
Det herskar ingen tvil om at Jesus stadfesta historisiteten til dei mest sentrale karakterane og hendingane i det gamle testamentet. Han stod støtt på den jødiske Skrifta – den vi kallar «det Gamle Testamentet». Slik sett var Jesus ein sann skriftlærd. I motsetning til det mange trur, så talte han ikkje berre negativt om dei skriftlærde, men sa for eksempel:
«Difor er kvar skriftlærd som har vorte læresvein av himmelriket, lik ein husherre som hentar fram nytt og gammalt av det han har samla» (Matt. 13:52)
I engelske Biblar står det «hentar fram nye og gamle skattar». Jesus hadde stor respekt for den oppgåva det var å sitje på Moses sin lærestol, slik dei skriftlærde gjorde, og vi skal sjå at han heldt seg trufast til Mosebøkene og skaparforteljinga. Det er også interessant at Meisteren faktisk oppmoda læresveinane til å følgje forkynninga til farisearane, sjølv om han fråråda dei å følge eksempelet deira:
«På Mose stol sit dei skriftlærde og farisearane. Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For dei seier eitt og gjer noko anna (Matt. 23:2-3).
Det var altså hykleriet som gjorde Jesus krass, ikkje lære-posisjonen dei sat i. Etter fleire ve-rop avslutta Jesus difor den lange formaningstalen sin slik:
Difor skal denne slekta få svara for blodet frå alle profetane, det som har runne frå verda vart grunnlagd, frå drapet på Abel til drapet på Sakarja (Luk. 11:50-51a) … Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom templet og altaret. (Matt. 23:35).
For det fyrste ser vi i Lukas-sitatet at Jesus koblar Abel til verda som blei grunnlagd. Det gir ikkje mykje rom for spekulasjonar om fleire generasjonar menneske før dette.
I ei og same setning fordømte Jesus her dei skriftlærde for deira narrespel samtidig som Han stadfesta alle profet-martyria i det Gamle Testamentet – frå profeten Abel, Adam sin son, til profeten Sakarja sitt martyrium. Eller gjorde Han det?
Tok Jesus feil?
Kritikarar har hevda at Jesus tok feil her. Dei seier at Jesus for det fyrste omtalte denne profet-martyren som «Sakarja, son til Barakia», medan 2. Krøn. 24:20 omtalar han som «Sakarja, son til Jojada». Dei som vil forsvare Bibelen si påliteligheit brukar då gjerne følgande motsvar: «Son» på hebraisk treng ikkje å bety direkte son, men kan vere soneson!
Det er for så vidt korrekt[1]. Problemet er at Sakarja, son til Barakia – som Jesus refererer til – faktisk har ein namngitt bestefar. Og hans namn var ikkje Jojada, men Iddo (ref: Sak. 1:1). Til motsvar har enkelte påpeikt at det var vanlig å ha meir enn eitt namn i GT.[2]
Kritikarane viser også til ei motsetning: Jesus seier at han blei slått i hel «mellom templet og altaret». I 2. Krøn. 24:21 står det derimot at dei fekk i stand ei samansverjing mot Sakarja, og «steina han i føregarden til Herrens hus». Lokasjonen stemmer tilsynelatande ikkje så godt heller. Tok Jesus feil på dette punktet også? John Gill viser at dette ikkje treng å vere ei motsetning.[3]
For det tredje vil kritikarane hevde at Jesus oppsummerte alle GT-martyria feil då han sa at dei skriftlærde og farisearane skulle straffast for «alt det skuldlause blodet som har runne på jorda» frå Abel til Sakarja. Kva er problemet med det? Jau, vi veit at profeten Sakarja som 2. Krønikerbok refererer til ikkje var den siste profeten som leid martyrdøden. Til dømes skriv Jeremia at profeten Uria blei drept av kong Jojakim 200 år seinare, i ca. år 600 f.kr. (sjå Jer. 26:20-23). Men var Jesu utsegn i det heile eit litterært-kronologisk utsagn? Med andre ord, kanskje han ikkje prøvde å kronologisk tidfeste det siste martyriet, men heller å omfamne alle martyria i GT, sidan Sakarja son til Jojada var den siste martyren som er nemnt i Tanakh?[4] Det var hans måte å kategorisere «alle martyrar frå A til Å» på.
Kjært barn har «same» namn
Svaret på desse motforestillingane kan kanskje vere lettare enn ein skulle tru: Martyren Sakarja, som er omtala i 2. Krønikerbok, levde 3-400 år før den Sakarja som Jesus tilsynelatande omtalar. Det var altså to personar med det same namnet; Sakarja. Ikkje så utypisk, sidan det kanskje var rundt 30 ulike Bibelske personar med namnet Sakarja, like vanlig som Per eller Ola i Norge.
Den fyrst-nemnde Sakarja levde i tida då Joasj var konge, omtrent 800 f.kr.[5], men om den andre Sakarja står det følgande: I den åttande månaden i det andre styringsåret til Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, son til Iddo».
Dareios andre styreår var om lag i 520 f.kr. så det var då profet-karrieren hans tok til. Sakarja er den nest siste boka i vår Bibel, plassert like før Malaki. Talmud (Sanhedrin 11a) seier at Haggai, Sakarja og Malaki var dei siste profetane. Det var altså 300-400 år mellom desse to profetane som begge hadde namnet Sakarja. GT avslører ikkje noko om korleis den sist-nemnte profeten Sakarja døydde, men det er likevel godt mogleg at martyriet var kjent i jødisk tradisjon og av Jesus.[6] Ein parallell til dette er f.eks profetien framført av Enok som vi ikkje kan lese om i GT (Judas 1:14)[7], eller at magikarane «Jannes og Jambres» satte seg opp mot Moses (2.Tim. 3:9), når desse namna ikkje er gitt i GT. Vi kan heller ikkje lese i GT om at erkeengelen Mikael låg i strid med djevelen om Moses sin kropp (Judas 9).
Enkelte vil protestere, og hevde at Sakarja si profetkarriere umogleg kunne ha strekt seg lenge nok til at eit tempel og alter-tenesta blei gjenoppbyggd etter eksilet. Men det er ein grunnlaus påstand. Ingen veit kor lenge Sakarja profeterte, og ingenting i GT motstrider at han kunne ha lidd martyrdøden. Enkelte meiner det finns Talmudiske tekster som stadfestar at denne profeten Sakarja blei martyr. Vi kan vere sikre på at Jesus hadde rett.
Jesus gjekk god for den totale GT-kronologien
Kva er poenget med alt dette? Uansett kven vi identifiserer som martyren Sakarja, så har vi ei dobbel muligheit her:
- Dersom Jesus omtalte den tidlege martyren, så hadde denne Sakarja tilfeldigvis same namnet på forfaren sin (Barakia, men også kjent som Jojada) som den seinare Sakarja. Sidan hendinga kjem sist i Tanakh-kanonen (2.Krøn.), så er det ei litterær-kronologisk oppsummering som autoriserer Bibelen frå A til Å.
- Dersom Jesus eigentleg omtalte Sakarja, soneson til Iddo, profeten som kom 3-400 år seinare – så omtalar han eit martyrium som ikkje er omtala i GT, men som like fullt har skjedd. Jesus gir i så fall ei tids-kronologisk oppsummering.
Ved å referere til den fyrste martyr Abel, som eksisterte nær verda sitt opphav, og den siste martyr, Sakarja – så stadfestar Jesus Bibelen sin autoritet, og går god for heile det kronologiske materialet i Tanakh (GT). Vi skal sjå litt nærare på dette.
Jesus sin Bibel: Den hebraiske Tanakh
Den hebraiske Bibelen (Tanakh) inneheldt på Jesu tid dei same bøkene som vår Bibel, men nokre av dei vart gruppert saman, slik at det kun blei 22 bøker totalt, og ikkje 39 slik som i vårt GT. For eksempel var vår 1. og 2. Kongebok berre éi bok osv.
Tanakh består av 3 hovudkategoriar:
- Mosebøkene (5 bøker). Desse blir kalla «Tora» på hebraisk
- Profetane: Desse var oppdelt i seksjon 1 (fire bøker), og seksjon 2 (fire bøker). Desse blir kalla «Neviim» på hebraisk
- Salmane/Skriftene. Desse inneheldt ni bøker (Salmane, Ordtøka, Esther, Daniel m.fl.). Desse blir kalla «Ketuvim» på hebraisk.
Den fyrste bokstaven i den hebraiske versjonen av orda Tora, Neviim og Ketuvim dannar såleis akronymet TN’K, eller Tanakh. Josefus hadde nokre interessante innspel om Tanakh.
Utanom-Bibelsk stadfesting: Josefus
Preste-historikaren Josefus var ein jødisk–romersk lærd, militær-kommandant og politikar. Han blei født i Jerusalem– den gong ein del av det romerske Judea – i år 37 e.kr., og døydde i år 100 e.kr. Far hans nedstamma frå jødiske prestar og mora hevda kongeleg avstamming[8].
Josefus nemner kva GT-bøker i hans tid som blei rekna som guddommeleg inspirerte jødiske skrifter, i «Mot Apion», 1-8[9]:
“…men berre tjue-to bøker, som inneheld nedteikninga av alle tidlegare tider; som med rette er sett på som guddommelege”[10].
Så vi har her ei god utanom-Bibelsk kjelde frå antikken som viser at den jødiske Skrifta bestod av desse 22 bøkene rundt Jesu tid,[11] sjølv om ein også kan ta med at dei apokryfiske skriftene har hatt ei viss påverking på NT[12].
I tillegg til å kombinere bøker til diverse samlebøker, så blei desse 22 bøkene også arrangert annleis enn i vårt GT: Når Jesus leste i sin Tanakh (GT), så var 2. Krønikebok den siste boka i rekka av 22 bøker. Tanakh blei avslutta med 2.Krønikebok, medan vårt GT blir avslutta med Malaki. Andre Krønikebok er nr 14. i rekka av 39 GT-bøker i vår Bibel[13].
Når Jesus kommenterer blodet som har runne frå Abel til Sakarja, så går han god for heile Tanakh frå A til Å, frå mordet på Abel (1. Mosebok) til mordet på Sakarja, kanskje den siste gjenlevande profeten i Israel før Johannes Døyparen stod fram.[14]
Vi har eit sterkt grunnlag for å meine at Jesus med uttalen om profetane sitt blod autoriserte kronologien og bøkene som vi har i vår Bibel. Vi skal no sjå på enda sterkare bevis på dette.
Jesus sitt grunn-solide syn på GT
Ei av Jesus sine føretrekte læremetoder var å spørje spørsmål rundt historier frå Tanakh – den jødiske Bibelen. I desse dialogane inkluderte han mellom anna skapinga av Adam og Eva på den 6. dag (Matt. 19:4-6)[15] og sa at dette skjedde «frå opphavet». Han koblar altså byrjinga av menneskeheita med byrjinga av tid. Sjølv ei skumlesing av evangelia vil også verifisere at Jesus – i motsetning til mange moderne teologar – både refererte til og festa sin fulle lit til personar og hendingar i GT. Vi kan raskt nemne skapinga (Mark. 10:6, Luk 11:50), Abel (Luk:11:51), Noa (Matt. 24:37-39), Abraham (Joh. 8:56), Lot (Luk 17:28), Sodoma og Gomorra (Luk 17:29-32), Isak og Jakob (Matt. 8:11), Moses (Mark.12:26/Joh. 5:45-47 og 6:31-51), David (Matt. 12:3, Mark 2:25), Salomo (Matt. 6:29), Jona (Matt. 12:40), Daniel (Matt. 24:15) og Elia (Matt. 17:11). Jesus omtala desse personane som sanne og historiske[16].
Mange historikarar og teologar har betvila at Moses har skrive dei 5 Mosebøkene. Men Jesus hadde faktisk ei så sterk tru på Moses som skribent for dei fyste fem bøkene i Bibelen at han sa til farisearane:
«Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Far. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar håp til. For hadde de trudd Moses, hadde de òg trudd meg, for det er om meg han har skrive. 47 Men når de ikkje trur skriftene hans, korleis kan de då tru orda mine?» (Joh. 5:45-47)
Filmskapar Tim Mahoney underbygg dei sterke muligheitene for Moses sitt forfattarskap gjennom si vinkling på arkeologi og historie i den ralativt nye filmen «The Moses Controversy».
Utenkeleg for Josefus at dei Bibelske ættelistene var «allegoriske»:
Josefus snakkar også i «Mot Apion» om Mosebøkene, og seier at dei «…inneheld lovene og tradisjonane om menneskets opphav til tida då han (Moses) døydde. Tids-intervallet var litt kortare enn 3000 år»[17]
Her har vi altså eit anerkjent offentleg vitne frå tida rundt Kristus som også stadfester ei ung skaping.
Konklusjon:
Jesus satte Guds ord svært høgt. «Det står skrive» var hans våpen i freistinga og ankeret i Hans liv. Han var overgitt til sanninga, og sa at Skrifta ikkje kunne «gjerast om inkje», det vil seie «ikkje bli annullert» [18](Joh. 10:35)
Han endra aldri dei gamle GT-fortellingane om skaping, syndefall, storflaum og språkforvirring men fortsatte Guds frelseshistorie gjennom stedfortredelse og soning med lovnad om ei endelig sluttføring[19]. Han la ikkje eit allegorisk slør over GT heller. Det er såleis dei «bokstavtru» kreasjonistane som følger Jesus-tradisjonen i forhold til synet på GT.
Enkelte protesterer:
«Javel, men det betyr ikkje at Jesus nødvendigvis hadde rett! Han var sjølv overtydd om det, men det var fordi Han ikkje visste om noko anna. Han var også kun ein mann av si tid…»
I så fall er ikkje vår Jesus den Bibelen seier Han er. Skulle Han som kallar seg sjølv Sanninga ikkje vite kva som er sant? Skal Han som sa FØR ABRAHAM ER EG ikkje vite om Abraham var ein sann person eller når han levde? Og ikkje minst: Skulle Han som sjølv skapte alt (Kol. 1:16-17) ikkje vite når det skjedde? Skulle Han som er «før alle ting, og alle ting står ved lag ved han» ikkje vite kva Han snakkar om?
Skal vi tru Jesus og Bibelen rett fram, så dannar det seg raskt eit bilde av ei relativt kort periode frå jordas fødsel til Jesu fødsel.
Neste spørsmål:
Men stemmer det, som Josefus sa, at det var kortare enn 3000 år mellom menneska sitt opphav og Moses sin død, og passar dette med årstala som Bibelen gir? Og dersom ein plasserer hovudhendingane frå skapinga til Jesu fødsel i eit Bibelsk kronologisk system, kor lang blir eigentleg denne tidsperioden? Det kan du lese meir om i artikkelen: «Er det maks 5665 år frå jordas fødsel til Jesu fødsel?».