Tenåra er ofte fulle av spørsmål. Eg fekk rådgiving frå ein onkel som viste meg ein smart måte å forene den vitskapen eg fekk lære om på skulen med den Bibelske skapingsfortellinga eg lærte i kristendomsundervisninga (ja, det var faktisk noko som heitte det før i tida). Metoden greidde på eit intrikat vis å kombinere millionvis av evolusjonære år med Bibelen si skapingsforteljing med Adam, syndefallet og menneskeheita si historie.
Nøkkelen låg godt skjult mellom det fyrste og tredje verset i Bibelen:
I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. (1 Mos 1,1-3)
Resonnementet blei presentert med bruk av hebraisk grammatikk på følgande vis: Etter at Gud skapte himmelen og jorda, så står det at jorda var aud og tom. På hebraisk kan verbet var også omsetjast med ‘vart’, avhengig av kontekst, og då blir omsetjinga at ‘jorda vart aud og tom’.
Forhistorisk skapingsepisode separat frå seksdagars skapinga
Argumentasjonen var vidare at desse fyrste versa faktisk omtalar ei eiga forhistorisk skapingshistorie. Mellom Guds første skaping av sjølve universet (himmel og jord) i vers 1 og den andre separate seks-dagers skapinga som starta i vers 3 med «La det bli ljos!», så har vi ei forhistorisk tid med millionar av år. Her var det plass til dei geologiske laga, dinosaurar og mykje anna spennande vi fekk lære om i den offentlege skulen, i eit stort tidsgap på millionvis av år.
Eg blei forklart at noko dystert skjedde i denne forhistoriske tida, og difor ser vi at vers to i Bibelen blir skildra med dei tre negativt lada ord aud, tom og mørke. Det er i denne samanhengen satans fall ofte blir plassert. Fienden har blitt kasta ut av himmelen og dette førte til at verda blei lagt i ruinar. Grunngjevinga er at Satans fall måtte ha skjedd før Adams fall sidan slangen fristar han i Edens hage.
Etter ruinen av den fyrste skapinga måtte difor Jahve skape på nytt for å gjenerobre harmonien. Dette skjer via seks-dagers skapinga, og startar med orda «La det bli ljos»! Voila! Vitskapen og Bibelen synkronisert utan konflikt!
Eg slo meg godt til ro med denne forklaringa. Som tenåring var eg overtydd om at dette forklarte alt det kompliserte med Bibel og vitskap. Eg skreiv tydeleg «4,5 mrd. år sidan» og «Big Bang» med raud penneskrift ved sidan av dei to fyrste versa i den store svarte «predikant-Bibelen» eg kjøpte på sommarstevnet i Sarons Dal i Kvinesdal.
Gap-teorien
Orda står der enno, men no som ein epigraf som skal minne meg om menneskelege påfunn i teologien. Lite visste eg då at dette var idear som svirra rundt i teologisk-akademiske miljø, og som blei kalla «Gap-teorien» – eit tappert forsøk på å forene ei tenkt forhistoriske verd som omfamna geologiske strata lagt ned i løpet av millionar av år saman med innbakte fossilar, som til slutt blei øydelagd før Guds skaping nr. 2.
Gap-teorien oppstod som ei slags tilpassing til uniformitetsteoriane lansert av dei skotske geologane James Hutton (1700-talet) og Charles Lyell (1800-talet), begge sett på som opphavsmenn for den moderne geologien. Lyell var nok ikkje berre ein geolog som arbeidde objektivt med vitskapen, men hadde ein klar agenda, noko han m.a. uttalte i eit av sine brev: «Å fri vitskapen frå Moses»[1].
Den nye naturvitskapen påverka også teologane, og snart blei den skotske presten Thomas Chalmers den fyrste som gjorde Gap-teorien populær, i 1814[2]. Etter kvart fekk teorien fotfeste, og blei omsider importert til Norge.
Teorien gjorde det mogleg for mange som ville tru på både historisk vitskap og Bibelen samtidig, å halde fast på ein historisk Adam, seks-dagars skapinga og samtidig avvise evolusjon som mekanisme. Eg var tilfreds med Gap-teorien i fleire år. Men som den vise Kong Salomon eingong skreiv:
Den som talar først i ei sak, får rett, til motparten kjem og spør han ut (Ordt. 18:17)
Kvifor eg måtte forkaste Gap-teorien
Til slutt blei det likevel som eit korthus som ramla saman for meg. Her er nokre av grunnane til at eg ikkje kunne halde fast på Gap-teorien og Bibelen samtidig:
1) Teo-logikken:
For det fyrste så er denne tolkinga problematisk teologisk. Som Lutheranar har eg lært at det er Ordet åleine som skal vere rettleiar. Sola Scriptura. Jahve sin direktetale til Moses oppe på Sinai-fjellet, der Han gav dei ti bodorda (2. Mos. 20:9-11) belyser eit teologiske problem med ei dobbel skaping.
Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag. Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning, 10 men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud…
Så gir Gud grunngjevinga som knuser ideen om ei to-trinns skaping:
For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han.
La du merke til det? Då Gud i opphavet skapte himmelen og jorda, som Bibelen sitt fyrste vers seier, så var det ein del av seks-dagars skapinga. Det fanst altså ikkje ei separat Akt 1 av skapinga, millionvis av år før Akt 2. Det er berre eit menneskeleg påfunn for å få naturvitskap og 1. Mos kapittel 1 til å gå opp. Eg meiner dette er det viktigaste argumentet for at Gap-teorien er feil. Men der er fleire:
2) Dei tre orda viser til noko som ikkje er komplett enno.
For det andre er det ei svært påtvinga tolking å seie at dei hebraiske orda aud, tom og mørke indikerer at den fyrste skapinga blei øydelagd. Slik blei det aldri forstått før Gap-teorien blei lansert. Dei tre orda skildrar heller at skapinga var under utforming, og ikkje komplett enno. Gud hadde berre starta. Dette var like før Han skulle «slå på lyset».
3) Kreft og død ein del av Guds gode skaping?
Det som i tillegg gir døds-støtet til GAP teorien, er problemet med tidspunktet for død og forbanning. Vitskapen har dei seinare åra avdekka dinosaurar med kreftsvulstar [3], eller dinosaurar som et andre dyr. Ifølge GAP-teorien må ein då seie at dette skjedde før døden faktisk kom inn i verda via syndefallet. Gud kunne iallfall ikkje ha skapt sjukdom og død – det strid mot Guds natur!
Eit fall før fallet er også ubibelsk, sidan Gud såg på det Han skapte, og sa at det var «såre godt» (1. Mos.1:31). Gap-teorien sin versjon av «såre godt» må nødvendigvis også innehalde ei jordklode øydelagd av død, sjukdom, kjøttetande dyr, torner, satan og resten av dei falne englane. Bibelen derimot, seier at sjukdom og død, torner og forbanning kom som ein konsekvens av Adams fall.
Død eksisterte ikkje då Gud skapte. Difor advarer Han Adam når Han seier at den dagen han et av treet skal han døy! Døden kom til verda gjennom Adams fall (1.Mos.3), ikkje Lucifers fall (Jes.14, Esek.28). Å plassere død og liding i skaparverket før Adams fall går direkte imot den klare apostoliske lære. Paulus skriv i Rom. 5:12:
Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden saman med synda, slik nådde døden alle menneske fordi dei alle synda.
Og i vers 17:
Døden fekk herredøme fordi eitt einaste menneske fall.
Menneskehistoria vitnar om at døden har herja i tusenvis av år. Dei sedimentære laga og dei gravlagde fossilane vitnar også om ei verdsvid flaum. Og berre for ordens skyld: Bibelen snakkar om fysisk død, ikkje berre symbolsk eller åndelig død:
Men dersom Kristus bur i dykk, er nok kroppen død på grunn av synda, men ånda er levande på grunn av rettferda (Rom. 8:10)
Konklusjon:
Eg måtte avvise Gap-teorien. Alt eg les i min Bibel peiker på at jorda er mykje yngre enn mange vil ha det til. For å vere konkret: Skapinga kan maksimalt ha skjedd 5665 år før Jesu fødsel, dersom ein skal følgje Bibelen sitt interne vitnemål. Sjå: https://skaper.no/maksimalt-5665-ar-fra-jordas-fodsel-til-jesu-fodsel-del-1/
Dette fører sjølvsagt til andre problemstillingar. Ikkje Bibelske, men naturvitskaplege: Datering, geologi, verdshistorie, arkeologi, biologi etc. Har du nokon spørsmål om nokre av desse, kik gjennom artiklane på www.skaper.no eller send eit spørsmål til oss – så kanskje du vil få svar.