I fyrste artikkel viste vi at Jesus autoriserte Tanakh, som er vårt Gamle Testamente, og gjekk god for alle personane og hendingane der, heilt frå Adam og framover. Sjå artikkelen «Bibelen Jesus godkjende». Så demonstrerte vi i neste artikkel at det kan maksimalt vere 5665 år[1] frå jordas fødsel til Jesu fødsel, dersom vi, på lik linje med Jesus, les Bibelen utan å tillegge den eit allegorisk slør. Dette framprovoserer gjerne spørsmål rundt kronologiane til andre kulturar, som då tilsynelatande kræsjar med den Bibelske. Det er interessant at desse kulturane berre går nokre få tusen år tilbake i tid, og at arkeologiske spor etter urgamle kulturar meir enn nokre tusen år tilbake i tid er nesten fråverande. Men sidan tidslinja til dei egyptiske dynastia ofte er sett på som ein nøkkel for å forstå andre kulturar sine historiske milepælar, så er den svært relevant. Er den egyptiske kronologien verkeleg i konflikt med den bibelske? Det bør vi utforske.

Ein Bibel-student bør ha interesse for egyptisk kronologi av minst to grunnar:

1. Den bibelske og egyptiske kronologien kryssar kvarandre på fleire punkt.

Her kan vi fort nemne: Abraham sitt besøk i Egypt, Josef som blei seld dit som slave, Israelsfolket sitt lange opphald i Egypt, utfrielsen frå slaveriet, ulike angrep frå Egypt i Israel og Juda si kongetid.

I tillegg er Egypt nemnt i forhold til profetiske hendingar i framtida, både domen over Egypt (Nilen skal tørke opp – Esek. 30:12) og velsigning for Egypt (det skal gå ein kongsveg mellom landa Syria, Israel og Egypt, og dei skal tilbe Jahve – Jes. 19:23).

2. Egyptisk kronologi er ofte brukt som eit referansepunkt og fundament for andre sivilisasjonar sin kronologi, inkludert den israelske.

Egyptiske utgravingar og kronologi-utformingar blei i stor grad skapt av kristne vitskaps-interesserte menneske som hadde spada i ei hand og Bibelen i den andre. Men det er ikkje dermed sagt at dei alltid tolka funna sine korrekt.

Når det frå vitskapleg hold, spesielt i arkeologien, blir hevda at Bibelen ikkje samstemmer med den egyptiske kronologien, så vil kanskje mange spørje: Er det Bibelen som tek feil, eller er det arkeologane?

Arkeologar tenker seg gjerne at dei tidlegaste arkeologiske periodane i Egypt strekker seg 4000-8000 år tilbake i tid. Badari-kulturen er sett på som det eldste direkte beviset på jordbruk i Øvre Egypt i før-dynastisk tid i oldtidas Egypt. Det er tenkt at kulturen blomstra mellom 4400 og 4000 f.Kr. Snart kom så det 1. dynastiet i Egypt, der Narmer er den fyrste kjente herskaren (3100 f.kr.). Narmer er trulig den same personen som Menes, som gjorde Øvre og Nedre Egypt til eitt rike.

Men bygger desse arkeologiske tids-periodane på trygg grunn?

A.J.M. Osgood seier:

Den aksepterte modellen for menneskets opphav og utvikling er evolusjonær. Det antek ei lang tids-periode for menneskets utvikling frå eit primitiv opphav til ein sivilisert tilstand… det blir imidlertid satt spørsmålsteikn ved slike antagelsar her…[2]

Osgood argumenterer for ei mykje kortare ramme for dei ulike tidlege arkeologiske periodane, og avslører korleis heilt grunnleggande, enkle antakelsar styrer konklusjonane i vitskapen. Dr. Elizabeth Mitchell er også skeptisk, og skriv at det er viktig ‘å undersøke den tradisjonelle kronologien for å sjekke om den verkeleg er så pålitelig som enkelte hevdar at den er’,[3] og legg til:

“Når der er eit misforhold mellom tradisjonell kronologi og Bibelens kronologi, så overser forskarane Bibelen. Sjølv om mange hevdar at den tradisjonelle kronologien er udiskuterbar, så vil eit nærare blikk på denne kronologien avdekke dens skjelvande fundament”. 

Lawrence Mykytiuk av Purdue University skreiv ein artikkel i mars/april 2014 utgåva av “Biblical Archaeology Review” med følgande slåande overskrift: “Arkeologien stadfestar 50 ekte mennesker i Bibelen”.[4] Mange av dei gamle arkeologiske inskripsjonane refererer til faktiske bibelske kongar i Juda og Israel, og ikkje minst er det spesielt at kong David var med på lista. Tel Dan basalt-steinen er ein inskripsjon om siger, skriven på arameisk av ein ikkje-israelsk konge som talar om korleis han overvann “kongen av Israel” og “Davids Hus”.  Robin Ngo i “Biblical Archaeology Society” kommenterer:

Inntil nylig hadde David sitt namn aldri blitt kjent frå eldre tider. Enkelte lærde tvilte til og med på at han eksisterte… 

Lawrence Mykytiuk legg til:

…det er openbart, at eit århundre etter han døydde, så var David sitt namn framleis huska som grunnleggaren av eit dynasti.

I tillegg inneheldt Tel Dan sigers-lista også namna på fem egyptiske faraoar som kan identifiserast med faraoar som er nemnt i Bibelen, mellom anna Farao Shishak, som regjerte frå 945 f.kr. Alt dette understreker at Bibelen fortel oss om ein sann Gud og Hans sanne gjerningar i sann historie.

«Gull-standarden» i konvensjonell egyptisk kronologi:

Det har i lengre tid eksistert ein «gull-standard» i konvensjonell egyptisk kronologi. Denne er i stor grad basert på to element: 1. Manetho si historieskildring og 2. Sotisk sirkel og teori.

1. MANETHO SI HISTORIESKILDRING

Manetho var ein egyptisk prest som levde i det 3. århundre før Kristus, og som samanfatta ei kronologisk liste av faraoar og lengda på deira regjeringstid.  Han skreiv historia om faraoane og dei 30 egyptiske dynastia i historie-boka si.

Kanskje Manetho si hensikt har blitt misforstått?

Det kan argumenterast for at Manetho faktisk aldri hadde til hensikt å skrive ei kronologisk oppsummering av Egyptisk historie, men at han kalkulerte i regjerings-år, ikkje på ein kronologisk måte slik vi gjer i dag. Det store forstyrrande spørsmålet for tradisjonelle kronologar, er derfor: Tek Manetho i det heile omsyn til moglege overlappande regjeringsperioder?[5] Dr. Elizabeth Mitchell forklarar:

Eusebius…som ofte siterte Manetho… seier, “fleire Egyptiske kongar regjerte på same tid… det var ikkje ei konsekutiv kongerekke som okkuperte trona, den eine etter den andre, men fleire kongar som regjerte samtidig i ulike regionar.” 

Manetho i trøbbel

Fundamentet for “Aegyptiaca”, der Manetho listar opp 30 ulike «dynasti» i Egypt, har trulig mange feil. Framstillinga motseier både arkeologiske bevis og andre historiske kjelder. Manetho nemner t.d. ni herskarar i det fyrste dynastiet, og berre eitt av desse namna stemmer med andre kilder, samtidig som han kun gir informasjon om fire av dei.[6] Josefus skriv at Manetho innrømte å ha brukt “namnlaus munnleg tradisjon” (1.105) og “myter og legender” (1.229) for si historie[7].

Professor J. H. Breasted, forfattar av “History of Egypt”, skildrar Manetho si historie-skriving slik:

“…ei sein, uforsiktig og ukritisk samling, som kan provast feil ved hjelp av samtidige monument i dei fleste tilfella, der slike dokument har overlevd.”

 

I tillegg til dette, så motstrider det Manetho skriv med faktiske egyptiske nedtegnelsar frå faraoane si tid.  Den eldste kilda vi kan samanlikne Manetho sine skrifter med, er «Dei gamle kongerike krønikene” (estimert dato 2500-2000 f.kr.), der sju fragment er funne på Palermo-steinen. Ulikeheitene mellom Manetho og «Dei gamle kongerike krønikene” er store. [8]

Dersom Manetho si historie inneheld grove feil, som vi ovanfor har antyda som svært sannsynlig, kva så med den Sotiske sirkel?

2. SOTORISK SIRKEL OG TEORI

Den Sotiske syklusteorien tilegnar kjente kalendar-datoar til regjeringsperiodene som Manetho skildrar. Det følger logisk, at dersom desse to elementa er usikre eller falske, så er også egyptisk konvensjonell kronologi usikker eller feilaktig. Er det grunn til å mistenke det?

Sothis (Sirius på latinsk) er namnet på stjerna som skin sterkast på himmelen, forutan sola. Den stod opp på sommarhimmelen like før morgongry på den tida av året då Nilen typisk sett overfløymde og gav god grøde i området. Sothis var også knytt til Isis, ei fruktbarheitsgudinne i Egypt.  Så viktig var synet av Sothis at det markerte det egyptiske nyåret. Den hadde omtrent ein årlig syklus.

Sotisk sirkel blei observert av Eduard Meyer i 1904, som så fann 6 referansar om Sothis i egyptiske dokument. Han skapte ein forent kalender som koblar Egyptiske regjeringsår med moderne historikarar sine datoar for tida før Kristus. Denne blir så knytt saman med Manetho si egyptiske historie for å etablere tradisjonelle egyptiske årstal, basert på ein 1460 års syklus.

Men der er ingen bevis for Sotisk sirkel i gamle Egypt, og den er upåliteleg. Kvifor?

  1. Der er motstridande startpunkt: Censorinius hevdar det store Sotiske året starta i 140 etter Kristus, medan Theon seier det starta i 26 før Kristus.
  2. Mangel på historisk støtte for teorien: Der finns ingen hint om at egyptarane regelmessig daterte viktige hendingar frå Sothis si visning på himmelen. Astronomen Claudius Ptolemy (ca. 100-170 e.kr) nemnte aldri Sothis, og når Sothis er nemnt, er aldri farao nemnt. Difor har mange Egyptologar avvist Sotisk-sirkel basert teori [9]

Karbon 14?

Ein annan måte å prøve å tidfeste Egyptisk kronologi på, er ved Karbon 14 metoden. Men Karbon 14 er notorisk upålitelig, og i visse tilfeller har målingar forkorta egyptisk kronologi, noko som ikkje blir tatt imot med særlig entusiasme. Karbon 14 målingar blir i tillegg mindre påliteleg dess lenger bak ein går i tid. Sjå gjerne artikkelen «How old?» på Creation.com.[10]

Over-ivrige egyptologar

I tillegg til å ha støtta seg altfor sterkt på Manetho og Sotisk sirkelteori, så har også dei tidlege Bibel-truande egyptologane, som var ivrige etter å finne kobling mellom Bibelen og Egypt, sannsynlegvis gjort to store feil: Dei antok at Ramses den store var faraoen som undertrykte Israelittane, og dei har kanskje også identifisert Shoshenk feilaktig med Skishak i Bibelen[11]. Jean Champellion har fått «æra» for det sistnemnte. Etter kvart har ikkje kronologien gått opp.

Konvensjonell egyptisk tidslinje på skjelvande grunn?

Dette er ein av grunnane til at den reviderte kronologien som t.d. egyptologen David Rohl har vore ein talsmann for, har fått sendetid på BBC med programmet «A test of time – the Bible from myth to history», også utgitt i bokform[12]. Egyptisk tidslinje har tre store tidsperiodar: Det gamle riket, mellomriket, og det nye riket. Han hevdar å kunne vise at utferda frå Egypt ikkje skjedde i det nye riket, slik det lenge har blitt antatt, men i det egyptiske mellomriket.

Ei liknande tese er også rikt illustrert i den svært interessante filmen «Patterns of Evidence», som filmskapar Tim Mahoney har produsert. Her ser vi korleis hans 12-årige søk resulterte i sterke kryss-referansar mellom egyptisk og israelsk arkeologi og semittisk busetjing i Egypt, jødisk folkevekst der, slaveriet, og ei merkbar svakheitstid for Egypt, samt arkeologiske teikn på ein invasjon i Kanaan. Det spesielle er, at når tidslinja i Egypt blir revidert, så fell også alle bitane i den Bibelske kronologien på plass, samtidig som den fyller hol i andre kulturar sine tidslinjer.

Steinane skal rope

Då folket entusiastisk lovpriste Gud for «alle dei mektige gjerningane» dei hadde sett, så ba farisearane Jesus om å få det stoppa. Jesus sitt svar var: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.» (Luk. 19:14)

I arkeologien ser vi stadig at steinane ropar om Guds historie slik den er skildra i Bibelen. Den tidlegaste “utanfor-bibelske” kilda der landet Israel er nemnt, kan finnast på Merneptah-bautaen. Faraoen Merneptah (eller Merenptah, født ca. 1273 f.Kr., død 2. mai 1203 f.Kr.)[13] var den fjerde herskaren av det 19. egyptiske dynasti i oldtidas Egypt.  Bautaen med inskripsjonane blei funnen av Flinders Petrie i 1896 i Thebes, og finns no i det Egyptiske Museum i Kairo. Det eldste dømet på at Israel er nemnt kjem altså frå Egypt, og finnast framleis i Egypt.[14] Den kjente Egyptologen K.A. Kitchen seier: “Israel er nemnt i Kanaan av Merenptah i hans femte år i 1209, seinast…[15]

Andre fantastiske funn har kome til overflata i arkeologien både i Egypt og i Israel dei siste åra. Mellom anna er det meir enn sterkt antyda at signet-ringen til både kong Hiskia og profeten Jesaia har blitt funne nær Jerusalem. Kong David har blitt stadfesta. Lista er lang. Steinane ropar.

Kronos og kairos

På gresk er der to ulike ord for tid:

Kronos betyr kronologisk (sekvensiell) tid. Det er tid for å tørke støvet av Bibelen igjen, og la den tale til oss om fortida. Det er tid for å ta det som står der som eit autentisk, historisk og korrekt tidsvitne. Stadig har Bibelen blitt kritisert og undervurdert. Igjen og igjen har den bibelske tidslinje vist seg sann.

Kairos er det andre greske ordet for tid. Det betegnar ei korrekt tid for handling. Dei fleste Israelittane som forlot Egypt og vandra i øydemarka, forstod ikkje rette tida for handling. Dei gjorde opprør mot Gud og det Han hadde lova. Bibelen omtalar dette slik:

I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjartet dykkar hardt, som under opprøret, kven var det då som høyrde, men likevel gjorde opprør? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut frå Egypt? (Heb. 3:15-16)

Vi står akkurat ovanfor same valet i dag. Det er vår korrekte tid for handling – dagen for å ta Guds ord på alvor og feste full tillit til det Han seier!

 

Denne artikkelen er én av i alt fire artikler i en serie: 
Bibelen Jesus godkjente
Er det maksimalt 5665 år frå jordas fødsel til Jesu fødsel? (Del 1)
Er det maksimalt 5665 år frå jordas fødsel til Jesu fødsel? (Del 2)
Egyptisk kronologi vs Bibelsk kronologi

[1] Avhengig av kva manuskript ein byggjer på (LXX, MT eller SP) og ulike aspekt av kronologisk utrekning. Med MT snakkar ein om ei kortare periode på kanskje rundt 4000 år. Med LXX er ættelistene i 1.Mos 5 og 11 svært avgjerande for den totale lengda. Difor maks 5665 år.

[2] http://creation.com/a-better-model-for-the-stone-age (oversatt frå engelsk, accessed 22nd May 2016)

[3] Answers in Genesis. 2016: “Doesn’t Egyptian Chronology prove that the Bible is unreliable?” (oversatt til norsk)

[4] March/April 2014 issue of Biblical Archaeology Review, entitled: Archaeology Confirms 50 Real People in the Bible. See also: http://www.biblicalarchaeology.org/daily/people-cultures-in-the-bible/people-in-the-bible/50-people-in-the-bible-confirmed-archaeologically/ (accessed 5th May 2016)

[5] Dette er på engelsk kalla «co-regencies»

[6] Sjå https://en.wikipedia.org/wiki/First_Dynasty_of_Egypt

[7] https://en.wikipedia.org/wiki/Manetho

[8] Ibid, under paragrafen «King Lists»

[9] The New Answers Book 2, side 247.

[10] https://creation.com/how-old-archaeology-conflicts-bible sjå også: https://creation.com/understanding-egyptian-chronology-before-exodus

[11] Ifølge David Rohl, men ikkej alle er enige med han på dette punktet.

[12] A Test Of Time: Volume One-The Bible-From Myth to History Paperback – 5 April 2001 by David Rohl (Author)

[13] https://no.wikipedia.org/wiki/Merneptah

[14] Interessant artikkel om prov for utferda frå Egypt: https://www.aish.com/jw/s/Evidence-for-the-Exodus.html

[15] Galil. 1996: 206-207. Galil, Gershon.1996. The Chronology of the Kings of Israel and Judah. Part of ‘Studies in the history and culture of the ancient Near East’, copyright E.J. Brill, Leiden, The Netherlands. Die Deutsche Bibliotek – CIP Einheitsaufnahme.