Vi viste i Del 1 at det er ei periode på om lag 1878 år frå skapinga til Abraham sin far, Tarah, blei født, og lovde i denne delen å løyse den «gordiske knute» som knyt Tarah saman med Abraham, og resten av GT-kronologien. Vi skal gjere det ved å å snu reknestykket, og rekne oss tilbake frå Jesu fødsel, før vi knyt alt isaman i ein total heilskap.
Bakover-rekning frå Jesu fødsel til året Tarah døydde
Å rekne bakover frå Kristus er litt kompleks, men ei absolutt overkomeleg øving.
Det har i seinare tid blitt anerkjent at Jesu fødsel i år 0 var ei feil-kalkyle utført av munken Dionysius Exiguus i det 6. århundre. Dei fleste NT-lærde plasserer Jesu fødsel i år 4 f.kr eller tidlegare. Sidan dei fleste daterer Herodes den Store sin død til 4 f.kr., og han hadde ein vesentleg rolle i historia om Jesu fødsel (Matt. 2), så måtte Jesus ha blitt født før Herodes døydde.[1] Vi får difor den paradoksale påstanden: Kristus var født minst 4 år før Kristus.
Nebukadnesar øydelegg Jerusalem:
Eit viktig kronologisk ankerpunkt er det året Nebukadnesar øydela Jerusalem og førte bort fangar til Babylon. Det er forholdsvis stor enigheit om at dette skjedde i 586/7 f.kr. Vi kan også samanlikne den sekulære og den Bibelske tidslinja i kongetida, gjennom eit dokument som kjem frå Assyria.
Den kronologiske Eponym-lista i Assyria:
Eit eponym er eit ord som er konstruert etter eit personnamn. Eit av dei fyrste tilfella av eponymbruk var i det andre årtusenet før Kristus. Istadenfor å bruke årstal slik vi gjer idag, så kalte Assyrarane opp kvart sol-år etter ein høgtståande embetsmann, som dei kalla «limmu». To delar av den assyriske Eponym/Limmu lista eksisterer framleis, ein del som omfattar bronsealderen (angiveleg 1964-1710 f.kr.), og ein del som omfattar åra 858-699, som no er i «British Museum».[2] Limmu-lista hjelper oss til å kunne samanlikne den Bibelske tidslinja med den sekulære, sjølv om der er ulike teoriar for kva år denne representerer[3]. Limmu-lista og arkeologi forøvrig er med på å underbygge detaljane i den bibelske kongetida, og gjer at ein tradisjonelt landar på at kong David sitt kongedøme mest trulig var frå 1010-970 f.kr. Umiddelbart etter tok kong Salomo over kongetrona i Israel.
Eit sentralt GT daterings-Bibelvers
Eit svært sentralt GT daterings-Bibelvers er 1.Kong. 6:1:
Salomo tok til å byggja Herrens hus i det 480. året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, i siv månad, som er den andre månaden. Salomo var då konge i Israel på fjerde året.
Dette verset «ordnar opp i» mange kronologiske spørsmål, og indikerer at der t.d. var overlappande periodar i domartida. Mange lærde meiner altså at Salomo overtok kongetrona etter David i 970 f.kr. Det var med andre ord fire år etter han blei konge, i 966 f.kr., at han tok til å bygge tempelet. Med 1.Kong.1:6 som bakteppe, og ei tidsperiode på 480 år, så landar ein på året 1446 f.kr. for israelittane si utferd frå Egypt (966 + 480 = 1446). Dette blir eit viktig kronologisk ankerpunkt. I artikkelen «Can we understand Egyptian chronology before the Exodus?», er 1446 f.kr. brukt[4]. I den episke dokumentarfilmen «Patterns of Evidence», og boka som følger den, antyder dei det nærliggande året 1450 f.kr. for utferda frå Egypt.[5]
Potensiell konflikt i kronologien: Perioden i Egypt
For å rekne lenger bakover, må vi fyrst huske at Moses var 80 år ved utferda frå Egypt. Deretter må vi kryss-koble litt: Vi veit at Moses sin far, Amram, blei 137 år gamal (2.Mos 6:20) og Moses sin bestefar Kehat blei 133 år gamal (2. Mos. 6:18). Vi les også at Kehat var son til Levi, og var ein av 66 personar som patriarken Jakob tok med seg i reisefølget som kom frå Kanaan til Egypt under hungersnauden (1.Mos. 46:26). Josef og hans søner Efraim og Manasse er ikkje med på denne lista, sidan dei allereie bodde i Egypt). Med desse tre og Jakob sjølv var det totalt 70 israelittar (jfr. 5.Mos. 10:22).[6]
I denne perioden møter vi på ei stor potensiell konflikt i kronologien: Dersom vi legg saman generasjonane frå Kehat til utferda frå Egypt, og antek i verste fall at Kehat var nyfødt ved innreisa til Egypt, og at både Kehat og Amram fekk sønene sine same året som dei sjølv døydde, så kan denne perioden maksimalt strekkast til 350 år.
Men i vår norske Bibel, som er basert på MT, blir det sagt om utferda frå Egypt:
«Israelittane hadde då budd i Egypt i 430 år. Akkurat denne dagen, då dei 430 åra var til endes, drog alle Herrens hærar ut frå Egypt. (2.Mos.12:40-41)
Det ser ut til å vere matematisk umogeleg. Men kanskje skal det vise seg at Septuaginta-versjonen av Bibelen «ryddar opp» her:
Ferda til Israels barn, medan dei reiste rundt i Egyptens Land og Kanaans land, var fire hundre og tretti år…[7]
Den Samaritanske Pentateuch seier også det same. Med desse to som bakgrunns-kjelder, og samanlikning av andre Bibelske vers, kan ein difor anta at desse 430 åra inkluderte perioden i Kanaan også. Paulus stadfestar faktisk Septuaginta på dette punktet, og gir oss sin eigen viktige puslespelbit i kronologien.
Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt… Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til side av lova som kom 430 år seinare… (Gal. 3:16-17)
Paulus seier at det var kun 430 år frå Abraham tok imot lovnaden om at alle nasjonar skulle velsignast i hans ætt (1. Mos. 12:1-4) og fram til Moses tok imot lova på Sinai-fjellet. Eg kan ikkje sjå anna enn at Paulus her underbygger påliteligheita i Septuaginta over den Masoretiske tekst i dette tilfellet. Vi kan då stille det opp slik:
Abraham mottok lovnaden då han var 75 år gamal, i Haran (1.Mos. 12:1-4). Han fekk Isak 25 år etter, då han var 100 år gamal, og Jakob blei født 60 år etter[8]. Jakob var 130 år gamal[9] då han flytta til Egypt med heile sitt hus – og dette var til saman 215 år[10] etter Abraham fekk lovnaden i Haran[11] (25+60+130).
Kor lenge var hebrearane i Egypt?
Med enkel subtraksjon kan vi så rekne ut kor lenge Israelittane var i Egypt: Sidan det var 430 år totalt (Gal. 3:16-17) frå Abraham fekk lovnaden fram til tidspunktet då lova blei gitt på Sinai (som var same året som utferda frå Egypt), og det tok 215 år før Jakob flytta til Egypt, så kan vi konkludere med at tidsperioden frå innreisa i Egypt til utferda frå Egypt også var 215 år. Merk, illustrasjonen nedanfor visest best på nettbrett eller PC, og ikkje så godt på mobil.
Abraham får lovnaden Jakobs hus kjem til Egypt Lova gitt på Sinai
—————————- 215 ———————– x ————————– 215 —————————
——————————————————- 430 år ———————————————————
Samtidig ser vi no at tidsperioden vi treng frå Moses, via faren Amram, og bestefaren Kehat fell heilt naturlig og realistisk innanfor desse 215 åra.
Dette stemmer også nøyaktig med det Josefus skriv i Antiquities of the Jews:
Dei forlot Egypt i Xanthicus månad, på den 15 dagen i månaden; 430 år etter vår forfar Abraham kom inn i Kanaan, men 215 år berre etter Jakob blei flytta til Egypt. Det var det åttiande året til Moses, og tre fleire år for Aaron. Dei bar også med seg Josef sine bein, som han hadde befalt sine søner å gjere.[12]
Egyptologen David Rohl er enig i ei slik kortare periode. Det er også t.d. teologen John Bimson, som har skrive doktorgrad om utferda frå Egypt og erobringa av Kanaan, Han har forfatta boka «Redating the Exodus and the conquest». [13]
Men seier ikkje profetien som Abraham fekk i 1. Mos. 15:13 at dei 430 åra kun var relatert til slaveriet i Egypt?
Og Gud sa til han: «Det skal du vita, at etterkomarane dine skal halda til i eit land som ikkje er deira. Dei skal træla for folket der og tola mykje vondt av det i fire hundre år.
Igjen kan det vere nyttig å sjå kva Septuaginta seier:
Og det blei sagt til Abraham: Du skal sanneleg vite at ditt sæd (dine etterkomarar) skal vere omreisande i eit land som ikkje er deira, og dei skal gjere dei til slavar, og mishandle dei, og audmjuke dei i 400 år[14]
Det er ingen grunn til at audmjukinga som Abraham sine etterkomarar skulle oppleve nødvendigvis ekskluderer åra i Kanaan. Tenk berre på 1. Mos 26, som skildrar korleis filistinarane stengde igjen vass-brønnane som Isak grov ut. Ein kan også hevde at sjølv om Gud lovde Abraham eit land, så vart dei ikkje ein nasjon med sitt eige land før invasjonen under Josva.
Tarah-floken
Vi har no nesten fått knytt saman tråden frå jordas fødsel fram til Tarah, og tråden frå Jesu fødsel tilbake til Tarah. Så treng vi ei siste samanknytning for å løyse floken: Kor gamal var Abraham då faren Tarah døydde? Stefanus, den fyrste martyr, gir oss ein ny puslespel-bit når han skildrar Abraham på flyttefot:
Då reiste han frå Kaldearlandet og busette seg i Karan, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet som de no bur i. (Ap.gj. 7:4)
Ifølge 1.Mos. 11:32, døydde Tarah som ein 205 år gamal mann, og blei ikkje med inn i Kanaan. Etter Tarahs død i Haran, mottok Abraham samtidig kallet (på nytt[15]) om å reise vidare til eit land Gud skulle vise han.
Han var då 75 år gamal (1.Mos. 12:1-4). Sjølv om vi ikkje veit 100% sikkert om Abraham reiste med ein gong, eller om han venta nokre år, så hjelper det oss til å skape eit klarare bilde av heile kronologien i det Gamle Testamentet. Når Josefus i sitatet ovanfor også seier: «430 år etter vår forfar Abraham kom inn i Kanaan», alluderer også dette til at Abraham flytta like etter faren sin død.
Nokre store tidsbolkar frå skapinga til Jesu fødsel:
Vi har såleis nokre moglege tidsbolkar for å rekne ut tida frå skapinga fram til Jesu fødsel. Merk, tabellen nedanfor visest best på nettbrett eller PC, og ikkje så godt på mobil.:
Sekvens: År: År etter skapinga: Kjelde:
Frå skapinga til Tarah sin fødsel: 1878 1878 ES 1. Mos. 5 og 11
+ Tarah si livslengde: 205 2083 ES 1. Mos. 11:32
+ Abrahams lovnad, til innreise Egypt[16]: 215 2298 ES 1. Mos. 12-50 + andre
+ Innreise Egypt til utferda frå Egypt: 215 2513 ES Varierte Bibelvers
+ Ut frå Egypt til start på tempelet: 480 2993 ES 1. Kong. 6:1
+ Byggestart tempel til Jesu fødsel: 966 3959 ES Kongebøkene m.fl.
Vi ser her at 3959 er eit minimum antal år frå skapinga til Jesu fødsel. Dersom Jesus eigentlig vart fødd i 4 f.kr, så blir dette redusert ytterlegare – til 3955 år.
Kva er det maksimale antal år frå jordas fødsel til Jesu fødsel?
Dersom vi legg til grunn Septuaginta-versjonen av dei lange ættelistene i 1. Mos kapt. 5 og 11 og strekker desse til det maksimale, legg til eit maksimalt antal år mellom Tarah sin død og Abraham sitt kall, samt den lengste epoken for tida i Egypt, så vil perioden frå jordas fødsel til Kristi fødsel maksimalt bli forlenga med litt over 1700 år. Med ei Jesus-prega tilnærming til Bibelen som historisk påliteleg får vi uansett ikkje meir enn 5665 år frå jordas fødsel til Jesu fødsel.
Kvifor stemmer ikkje det hebraiske årstalet med Bibel-kronologien?
Mange kristne refererer til den hebraiske kalenderen, som angivelig tel åra frå skapinga. År 2020 ifølge den gregorianske kalender, var år 5780 etter skapinga ifølge hebraisk kalender, fram til Rosh Hashanah (nyttår, som i 2020 fall på solnedgang 18 september).
Enkelte meiner hebraisk kalender ekskluderer diverse år der jødane var i eksil, og rabbinsk tradisjon seier at der er 165 år «som manglar», medan andre meiner kalenderen har blitt korrupert for å unngå konklusjonen om at Daniels 70-års veker peikar på Jesus som Messias. [17]
Konklusjon:
Det kan sjølvsagt diskuterast om alle dei kronologiske detaljane rundt dette er 100% vasstette. Det er mange ulike meiningar når det gjeld Bibel-kronologi og det finns samtidig svært mange forslag på året for skapinga. Men det er uansett ikkje ekstreme variasjonar vi snakkar om, dersom ein har tiltru til Bibelen som ei rett fram påliteleg kjelde. Men dersom ein les Bibelen primært som allegorisk eller mytisk, så kan ein sjølvsagt få den til å seie det meste.
Hadde Josefus rett?
Den Bibelske tidslinja seier at 40 år etter utferda frå Egypt, så inntok israelittane Kanaan. Med utreisa frå Egypt i år 1446 f.kr. (2513 etter skapinga), så ville invasjonen av Kanaan ha skjedd i 1406 f.kr., og det same året døydde Moses. Dette var då 2553 år[18] etter skapinga.
Traff Josefus med si oversikt i forhold til dette? Han sa at Mosebøkene «…inneheld lovene og tradisjonane om menneskets opphav til tida då han (Moses) døydde. Tidsintervallet var litt kortare enn 3000 år»[19]
«Litt kortare enn 3000 år» er kanskje litt drygt dersom det var 2553 år, men Josefus er likevel ikkje så langt unna.
Til sjuande og sist må vi tilbake til Bibelen sitt eige indre vitnesbyrd, og spørje basert på det: Kor gamal er jorda vår? Dersom ein tek maksimal-alternativet frå skapinga til Kristi fødsel som vist ovanfor (5665 år), legg til 4 år sidan Jesu fødsel var 4 år tidlegare enn vår tidsrekning (totalt 5669 år), og legg til årstalet vi no er i etter Kristus (år 0), så ser vi at jorda, ifølge Bibelen, framleis er godt under 8000 år gamal.
Med dette er det enklare å forstå kva som ligg i uttrykket «ung-jord-kreasjonisme», som SKAPER står for. Vi meiner at Gud ikkje kan lyge, og at summen av Hans Ord alltid er sanning og til å lite på (Salme 119:160).
Mange vil protestere og seie at det er latterleg å hevde at menneskeslekta si historie er så kort. Sjølv om ein ikkje har tiltru til evolusjonsteorien, så vil kronologien som omfattar dei gamle Egyptiske dynastia åleine smadre dette Bibel-kronologiske kortslottet. Men stemmer det? Les meir om det i den siste artikkelen i denne 4-delers serien: «Egyptisk kronologi vs Bibelsk kronologi», som vert publisert om nokre dagar.
Denne artikkelen er én av i alt fire artikler i en serie:
Bibelen Jesus godkjente
Er det maksimalt 5665 år frå jordas fødsel til Jesu fødsel? (Del 1)
Er det maksimalt 5665 år frå jordas fødsel til Jesu fødsel? (Del 2)
Egyptisk kronologi vs Bibelsk kronologi
[1] https://www.biblicalarchaeology.org/daily/people-cultures-in-the-bible/jesus-historical-jesus/when-was-jesus-born-bc-or-ad/
[2] Sjå https://www.livius.org/articles/concept/limmu/limmu-list-858-699-bce/ (19.05.20).
[3] Tom Rodgers (The Panorama of the Old Testament, s. 10) meiner at denne Limmu-lista samsvarar med åra 892-648 f.kr.)
[4] https://creation.com/understanding-egyptian-chronology-before-exodus
[5] Patterns of Evidence: Exodus: A Filmmaker’s Journey Hardcover – 1 July 2015, Sjå også filmen «Patterns of evidence» Tim Mahoney. Thinking Man Films.
[6] Stefanus snakkar om 75 i Ap.gj. 7:12-14, noko som kan vere forvirrande, men ei god forklaring på det kan finnast i denne linken: https://truthsnitch.com/2017/06/21/many-jacobs-descendants-went-egypt-70-75/#sthash.V8hntxFl.dpbs
[7] https://www.ellopos.net/elpenor/greek-texts/septuagint/chapter.asp?book=2&page=12, oversatt frå engelsk
[8] 1.Mos. 25:26
[9] 1.Mos. 47:9
[10] 25 + 60 + 130 = 215.
[11] Nathan Hoffman har ein interessant presentasjon om dette: https://www.youtube.com/watch?v=FF0F8YjT1og
[12] Antiquities of the Jews Bok 2, kapt 15:2, mi oversetjing frå engelsk, som finns tilgjengeleg her: https://www.gutenberg.org/files/2848/2848-h/2848-h.htm#link22HCH0015
[13] Publisert av: Dept. of Biblical Studies, University of Sheffield (1978)
[14] Oversatt frå den engelske oversetjinga av septuaginta: http://ecmarsh.com/lxx/Genesis/index.htm
[15] Sjå Ap.gj. 7:2
[16] 205
[17]Frå øydelegginga av det fyrste tempelet til øydelegginga av det andre tempelet. Sjå paragrafen «What is the true Jewish year?» i artikkelen på denne nettsida: https://www.hebrew4christians.com/Holidays/Calendar/calendar.html
[18] 2513 + 40
[19] The panorama of the Old Testament by Thomas R. Rodgers, s 5.