Det vart hevda i ein debatt, at ”i dag godtek dei aller fleste at evolusjon er eit faktum”? Kva er meint med denne utsegna? At det er tilpassingar og såleis endringar i naturen med enkelte få positive mutasjonar? Eller at heile evolusjonsteorien med molekyl til mann, spontant generert liv frå ikkje-liv, og at heile universet rundt oss med galaksar og eit milliontal av stjerner har oppstått frå ein eksplosjon i noko som er mindre enn eit knappenålshovud? Avstanden mellom desse to definisjonane er vidare enn aust er frå vest.

Er darwinismen haldbar?

At ting endrar seg, sokalla mikro-evolusjon, er ei kjensgjerning og eit faktum. Vi er tilpassingsdyktige. Til tider har dyr og planter ei tilsynelatande evne til å skru på og av enkelte genar. Men det meste som i dag blir framskudd som bevis på evolusjonslæra (makro-evolusjon = der liv har blitt til frå ei primalsuppe, og at vi deler felles forfedre med alt anna som lever, og at vi har variasjonar grunna endelause endringar over tid), er eigentleg lite meir enn mikro-evolusjon: naturleg seleksjon og tilpassingsevne, med unntak av nokre få tilsynelatande positive mutasjonar, der endringane er små, og vanlegvis relatert til eit tap av informasjon heller enn at informasjon blir lagt til.

Det er også ei underleg kjensgjerning, at i ei tid der det meir enn nokon gong blir sådd tvil om haldbarheita i dogmene i Darwinismen, så får den fleire tilhøyrarar, meir pengar er spruta inn for å fortsette indoktrineringa, med svære TV-program og læreartiklar som ikkje torer å gå skikkeleg til rettes med argumenta for intelligent design utan personkritikk og usaklege avsporingar .

Dinosaurane sin alder

Det var i fossilane Darwin forutsåg at hans teori skulle bevisast i framtida. Det er ingen stad bevisa er meir manglande enn i fossilane. Kvar er alle overgangsformene, skal tru? Mellom millionar av fossilar skulle der vere tusenvis. Vi er jo stadig i endring! Men nei, fossil-funna proklamerer det motsatte. Fossilane ser stort sett ut slik dyra ser ut i dag, med unntak av utdøydde artar, der vi ikkje har samanlikningsgrunnlag.

Og er dinosaurane så gamle som påstått? I 1993 fekk Mary Schweitzer gåsehud då ho oppdaga blodceller i eit T.rex-skjelett. I 1997 fann dei hemoglobin, i 2005, fleksible sener, og i 2012 fann dei til og med DNA og C14 i dinosaurbein. 65 millionar år sidan T. rex vandra på jorda? Neppe.

Ein betre teori?

Erasmus Montanus (Holberg) sitt resonnement “En sten kan ikke flyve; Mor Lille kan ikke flyve; Altså er Mor Lille en sten” er feil fordi det ikkje fyljer det logiske grunnprinsippet ”alt som ikkje kan flyge er steinar”. Når vi snakkar om evolusjon, tillet vi oss som Erasmus Montanus liknande ulogiske hopp i resonnementet. Vi hoppar frå tilpassingsdyktigheit og naturleg seleksjon til å svelge læresetningar med fleire logiske bristar.

Fordi Darwin sine finkar endra seg etter tilhøva på dei ulike øyane, kan vi ikkje difor slutte at det vert lagt til ny informasjon. Det meste som går forkledd som evolusjon er ofte lite meir enn naturleg seleksjon og tilpassing.

Alt liv nedstammar frå et felles opphav? Forkast teorien og finn ein betre.