I artikkelen «Bibelen Jesus godkjente» er det dokumentert at Jesus på ein grundig og «Bibeltru» måte stadfesta historisiteten til Bibelske hendingar og personar i det Gamle Testamentet – noko som har fått mange moderne teologar til å sette kaffien i halsen. Det blei vist at då Jesus omtalte alle martyria frå Abel til Sakarja (Matt. 23:35), og stadig refererte til Bibelske personar og hendingar, så antyda han sterkt at alle bøkene i vårt GT og jødane sin Tanakh er kanoniserte, men også at han hadde full tillit til heile GT-kronologien.

Vi såg samtidig at den anerkjente historikaren Josefus omtalte perioden frå menneskets opphav til tida då Moses døydde, og sa at «tids-intervallet var litt kortare enn 3000 år»[1]

At det kun er tusenvis av år sidan jorda sitt opphav, og ikkje millionar av år, er noko Guds Ord viser klart – dersom vi les Bibelen slik Jesus las den. Vi skal no studere GT-kronologien i lys av Jesus sitt syn på Skrifta. Er det mulig å plassere hovudhendingane i Bibelen frå jordas fødsel til Jesu fødsel i eit kronologisk system som viser at denne perioden iallfall er kortare enn 6000 år? Det meiner eg at det er, og vil her prøve å vise korleis dette heng saman. Lat meg starte med utfordringa rundt ulike manuskript-kjelder.

Utrekning av GT-kronologi – og problemet med dei ulike manuskripta:

Eit hovudproblem med å etablere ein solid kronologi er at dei eldste og mest kjente Bibelmanuskripta varierer, spesielt når det gjeld års-periodane skildra i dei to store ættetavlene; i 1.Mosebok kapt. 5 og kapt. 11.

I bibliografisk arbeid brukar ein ordet «autograf» om det originale skrivet. Det betyr til dømes den faktiske fysiske bokrullen som Paulus skreiv sine brev på – ikkje kopiane. Vi kjenner ikkje til nokon «autografar» i dag, verken for Bibelen eller for noko anna skriv frå antikken. Dei er kopiar. Det pågår difor ein teologisk diskusjon om kva manuskript som ligg nærast den hebraiske GT-originalen (autografen)[2] – om det er den Masoretiske teksta (MT), Septuaginta (LXX) eller kanskje til og med den Samaritanske Pentateuch (SP). Det er ingen store forskjellar som gjer at kyrkja si lære eller doktriner blir påverka, men det gir oss ulike resultat i kronologi-samanstillinga.

For eksempel argumenterer Jonathan Sarfati frå den kjente kreasjonist-organisasjonen Creation Ministries (Australia) for at MT er den mest korrekte, og brukar Metusalem som eit hovudargument når han seier:

“…Septuaginta kronologien kan påvisast å vere oppblåst, sidan dei inneheld den (åpenbare) feilen at Metuselem levde 14 år etter syndefloda»[3].

Men dette viser seg ikkje nødvendigvis å vere like åpenbart som Sarfati hevdar. Answers in Genesis, som også er ein kjent kreasjonist organisasjon, publiserte nylig ein artikkel ved Henry B. Smith Jr. [4], der han viser at Metusalem-problemet oppstår på grunn av to ulike årstal som er gitt i ulike versjonar av LXX (Septuaginta) for Metusalem sin alder då han fekk sonen Lamek. Han forstår den kritikken Sarfati og andre kjem med:

I enkelte LXX manuscript av 1. Mos. 5:25, så var Metusalem 167 år gamal då han blei far til Lamek, noko som plasserer Metusalem sin død 14 år etter flaumen…

Eitt av hovudargumenta til Henry B. Smith Jr. er å vise at «talet 187 for Metusalem er det originale i oversetjinga av Septuaginta og Moses…» Resultatet blir såleis at Metusalem døyr 6 år før flaumen, ikkje 14 år etter.

Bør vi slå eit slag for Septuaginta?

Septuaginta er ei gresk oversetjing av det Gamle Testamentet, og blei fleire gongar sitert av ulike NT-forfattarar. Samtidig finns der ulike versjonar av den, og den er omdiskutert. Eg skal på ingen måte prøve å kome med noko utbrodert fasitsvar på kredibiliteten i denne versjonen, men det kan vere verdt å setje seg litt inn i kva Septuaginta er. Den 29 minutts lange videoen «What is the Septuagint? (Fun version)» publisert av The Ten Minute Bible Hour gir ei Iitt humoristisk oppsummering, og kan vere ein god start for den som er ukjend med Septuaginta.[5]

Enkelte har hevda at Justin martyren la fram ein teori om at nokre jødiske skriftlærde med vilje endra enkelte av profetiane som dei kristne brukte til å bevise at Jesus var Messias, og at MT er eit reultat av dette. Mot dette var det ein del som hevda at omsetjarane av Septuaginta – som trass alt er ei omsetjing frå hebraisk til gresk – hadde omsett den hebraiske teksten feil. Andre vil hevde at Dødehavsrullane viser at dei eldgamle hebraiske manuskripta er meir einige med Septuaginta enn med MT. Så er det MT eller LXX som ligg nærast den hebraiske originalen? Det er ein stor og kompleks diskusjon, som vi no berre må legge til side her.

Like kompleks er diskusjonen rundt kronologi. For oss vanlege amatørar er det krevande å skaffe seg ei brei innsikt om alle forhold i Bibel-kronologien. For dei som ynskjer å gå djupare inn i det, legg eg ved fleire engelsk-språklege linkar nedanfor[6]. Til sjuande og sist, same kva for eit av desse tre manuskripta ein festar sin lit til, så konkluderer «bokstavtru» Bibel-forskarar med at Bibelen plasserer året for skapinga mellom 5665 og 3822 f.kr. [7]

Mange har prøvd å rekne seg fram til datoen for skapinga, som for eksempel kyrkjefedrene, Isaac Newton (som foreslo omlag 4000 f.kr.) og Johannes Kepler (anslo 3992 f.kr.). Mest kjent er kanskje Erkebiskop James Ussher sin spesifikke dato «23. oktober, 4004 f.kr.» [8]

Hovudpoenget mitt så langt har vore å gi eit bakteppe for diskusjonen rundt Bibel-kronologien med utgangspunkt i skapinga – og å gi eit Jesus-perspektiv på Bibelen sin historisitet og truverdigheit.

Eg vil no gi eit kort resymé av korleis ein amatør kan rekne ut året for skapinga, i all hovudsak med hjelp av Bibelen sitt indre vitnesbyrd[9]:

Utrekning av året for skapinga

For å finne ut kor langt det var frå jordas fødsel til Jesu fødsel, er det enklast å dra ei linje frå skapinga og framover og frå Jesu fødsel og bakover. Når desse linjene møtest, så har vi det totale antal år.

Framover-rekning frå skapinga til Tarah, Abraham’s far

Med bakgrunn i dei Bibelske tekstene dei fleste protestantar er vant med (MT), så kan vi lett følgje generasjonane frå Adam og framover. For eksempel var Mahalalel født 395 år etter skapinga, i den femte generasjon frå Adam. Dette er lett å rekne ut frå 1.Mos. kapt. 5. Denne lista fører oss til alle Noa sine søner i siste verset, og i kapt. 11 fortsetter utrekninga frå Set, sonen til Noa og heilt fram til følgande hending:

«Då Nakor var 29 år, fekk han sonen Tarah… … Då Tarah var 70 år, fekk han sønene Abram, Nakor og Haran» (1. Mos 11:24-26).

Merk: Den viktigaste sonen blir ofte nemnt fyrst, ikkje nødvendigvis den fyrstefødte. Tarah var far til Abraham.

Ved hjelp av ættelistene i 1. Mosebok kapt. 5 og kapt. 11 i (MT) kan sjølv den ferskaste Bibelstudent lett rekne ut at Tarah vart født 1878 år etter skapinga.[10] Dersom vi bruker Septuaginta, blir det 3244 år frå skapinga til Tarah sin fødsel,[11] men mange meiner at tala i ættelistene i 1. Mos kapt. 5 og 11 i LXX er oppblåste.

Konklusjon

Vi brukar for ordens skuld MT-versjonen her, og perioden på om lag 1878 år frå skapinga til Abraham sin far, Tarah, blei født.

Sidan Tarah-Abraham koblinga er ein krevande kronologisk «gordisk knute», skal vi gi den eit «Aleksanderhogg» ved å snu reknestykket, og rekne oss tilbake frå Jesu fødsel, og så knyte alt isaman.

Følg med i Del 2, som vert publisert om kort tid, så skal du sjå ein fascinerande måte å rekne ut kronologien for heile det Gamle Testamentet på.

 

Denne artikkelen er én av i alt fire artikler i en serie: 
Bibelen Jesus godkjente
Er det maksimalt 5665 år frå jordas fødsel til Jesu fødsel? (Del 1)
Er det maksimalt 5665 år frå jordas fødsel til Jesu fødsel? (Del 2)
Egyptisk kronologi vs Bibelsk kronologi

[1]Sjå den engelske oversetjing av Josefus si bok Mot Apion her: https://www.gutenberg.org/files/2849/2849-h/2849-h.htm#link2H_4_0001 og også «The panorama of the Old Testament” (Thomas R. Rodgers), s. 5

[2] GT inneheld også litt arameisk (Daniel og Esra)

[3] Sjå https://creation.com/biblical-chronogenealogies

[4] https://answersingenesis.org/bible-timeline/genealogy/methuselah-primeval-chronology-septuagint/?fbclid=IwAR3oqpyWSl5YrgxCa8roqn4eBGuEc97Dvz2MV1dXXJMd5t3kL07DJxCOZ9s

[5] https://www.youtube.com/watch?v=i9anmAkqqUA&feature=youtu.be

[6] https://www.youtube.com/watch?v=TFCxJ-TZBwE&list=PLEVsU6O-XMpEhuWJDZeYEH5RJpIjOwGju&index=15&t=0s

https://creation.com/bad-arguments-mt-lxx

https://creation.com/pyramids-before-flood

[7] Chris Hardy og Robert Carter: https://creation.com/biblical-age-of-the-earth (accessed 29.03.20)

[8] Sjå også https://creation.com/biblical-age-of-the-earth (accessed 29.03.20)

[9] I alle fall frå skapinga og fram til

[10] Ved å bruke den Masoretiske teksta. LXX er annaleis.

[11] Vi må legge til 586 år før flaumen og 780 år etter. Totalt blir det då 1366 fleire år enn i MT-kronologien.