Bibelen gjer mange gonger klart at vi ikkje har noko å rosa oss over eller å vera stolt over inn for Gud. Vi har ikkje noko å bringa Gud eller å betala han med for å verta og leva som Guds barn, heller ikkje for å tena han. Det er den som ingen ting har å koma med, som Gud kallar til frelse og teneste. Gud valde seg ut den uverdige, den ugudlege, den som var hans fiende.

Artikkelen er del av serie med tema «STOLT». Først utgitt i magasinet SKAPER juni 2023.

Stolt over Jesu Kristi kross

Like fullt seier Bibelen at Guds barn skal rosa seg, men då av Jesus Kristus og hans kross – ikkje av seg sjølv. Apostelen Paulus forklarer dette slik:

«For det er hans verk at de
er i Kristus Jesus, han som for oss
har vorte visdom frå Gud, rettferd,
helging og utløysing, så at – som det
står skrive: Den som rosar seg,
han rose seg i Herren!»
1 Kor 1,30-31

Alt som har med frelse og kristent liv å gjera, er Guds verk – og Guds verk er i alt knytt til Jesus Kristus og hans kross. Dette er noko som er gjort, eller som ligg klart for oss. Det er ikkje noko som skal skje ein gong i ei uviss framtid, men det har skjedd ved Jesu liv her på jorda, ved hans liding, død og oppstode. Det er uttrykk for fakta. Det dreier seg om Jesu straffeliding og soningsdød i vår stad.

Jesus har vorte visdom frå Gud, altså har han lært oss kven Gud er og kva Guds frelse er. Han har vorte rettferd, altså har han gjort oss rettferdige for Gud ved trua på han. Han har vorte vår helging eller vår heilaggjering, altså er det i han vi har alt som trengst til eit kristent liv i teneste og til ære for Gud. Han har også vorte vår utløysing, altså er vi sette med Jesus i himmelen og eig vårt heimland der.

Det er altså grunn til ros, men då av Herren Jesus Kristus, det han har gjort for oss og det vi eig i han! Det kan også seiast at vi slik sett har grunn til å vera stolte, altså stolte over vår Frelsar og Herre. Jesus er i ein særstilling som person, ved si gjerning og ved si gåve. Vi har all grunn til å vera stolte av han og rosa oss over det vi eig ved trua på han!

Jesu veg til den gåva han gir oss, er svært spesiell. Det er ingen tilsvarande veg i nokon religion eller filosofi, livssyn eller ideologi. Det er ein veg gjennom liding og død på ein kross. Det er siger ved det som synest å vera nederlag. Det er liv i det som synest å vera død. Det er framtid og håp i det som synest å vera slutten. Jesus frelser og gjev evig liv via ein kross og ei tom grav. Sigeren vart vunnen på krossen, og den tome grava er vitnemål om det.

Dette er bakgrunnen for at Paulus seier at han ikkje vil vita av noko anna enn Jesus Kristus og han krossfest, eller som han skriv til galatarane:

«Men det skal vera
langt frå meg å rosa meg, utan
av vår Herre Jesu Kristi kross!
For ved den har verda
vorte krossfest for meg,
og eg for verda.»
Gal 6,14

Det er mangt og mykje i kristentrua, men det er eitt orienteringspunkt og fastpunkt – Jesu Kristi kross. Det inneber ikkje at kristentrua er snever eller at all tale skal vera om krossen, men det betyr at det er noko som kastar lys over og bind alt saman. Dette strekker seg frå skapinga, der alt var fullkome, til nyskapinga, der alt på nytt skal vera fullkome.

Kristi kross dekker heile tilvære, alt vart skapt ved og til Kristus, og i det er krossen og frelsa sentralpunktet. Slik dekker Kristi kross også alt som gjeld kristentrua og kristenlivet. Det er ved ordet om krossen vi lærer Gud rett å kjenna, det er der vi vert frelste, det er der vi får alt til kristent liv, det er der vi vert utrusta til teneste, og det er der det er opning inn til Guds himmel og evig herlegom.

Det som høyrer verda til, bleiknar og misser si makt når vi får sjå det i lys av Jesu Kristi kross, og kva det kosta Gud å gje oss del i alle sine evige goder. Det betyr ikkje at skaparverket ikkje har verdi, eller at livet her på jorda i dei jordiske oppgåvene er meiningslaust og verdilaust. Derimot får det jordiske sitt rette perspektiv og sin rette verdi ved krossen. Då vert ein ikkje bunden til det jordiske, men det til himmelske og evige.

Ja, det er mange grunnar for å rosa seg av Jesus og hans kross!

Les flere artikler i temaet STOLT, tidligere artikler fra temaet VANN eller andre temaer om vår SKAPER