Lengtar du etter meir av Den Heilage Ande sitt nærvær og kraft i livet ditt? Kva betyr det å leve i Anden – og korleis kan det prege kvardagen og tenesta di? I «Ånd og kraft», den tredje boka i SKAPER si undervisningsbokserie, inviterer Andreas Årikstad til å utforske Bibelens svar.
SKAPER har fått ei ny og brennheit bok i nettbutikken: «Ånd og Kraft». Forfattar er Andreas Årikstad.
For den truande som har fått oppfordringa «Ver brennande i Anden, ten Herren!» og som har ein lengsel etter eit slikt liv, så er dette ei bok du kan hente mykje god inspirasjon frå.
Kva betyr det å leve i Anden?
Her får du innsikt i heilt grunnleggande ting om Den Heilage Ande, hans virke og gåver, og oppdage korleis hans utrustning kan bli ei positiv kraft i livet.
Årikstad har gitt ut fleire bøker tidlegare, både i eigen regi og gjennom SKAPER. Sjølv om tematikken er litt ulik tidlegare utgivingar, er den ikkje mindre viktig.
Ånd og kraft er som eit grunnfjell i det Hauge-påverka Norge. At personar som Hans Nielsen Hauge difor blir omtalt i det biografiske resyméet i siste del av boka, treff godt, og er heilt naturleg. Her får vi fleire døme på heilt vanlege menneske som har mottatt ånds-fylde, kall og kraft til å tene i Guds rike.
Men før du kjem så langt i boka, vil du få er ei grundig innføring i Den Heilage Ande sitt virke, og lære om åndsliv og utrustning til kristent liv og disippelskap gjennom boka sine fire delar.
Du vil bli inspirert av stoff som spenner alt frå det indre personlege og åndelege liv i bøn, lovsong, avhengigheit, leiing og kjennskap til Den Heilage Ande, og til det ytre livet i teneste, evangelisering, åndskamp og misjon – i Andens kraft. Forfattaren utfordrar med desse innsiktsfulle orda:
Ingen må tenke at de vil tilhøre Jesus, men slå seg til ro med å kunne ha et avstandsforhold til Den Hellige Ånd! (s. 15)
Kva kan vi forvente av Andens kraft i dag?
Det er også forfriskande å lese ei kristen bok der forfattaren ikkje skygger unna kontroversielle tema, enten det gjeld å «be for syke og å drive ut onde ånder» (s. 16), om vi skal forvente at teikn og under følger Guds tenarar i dag, eller berre i aposteltida (sessasjonisme), eller ei behandling av kva dei «større gjerningane» er, som Jesus sa disiplane skulle utføre.
Forfattaren gjer ingen forsøk på å modifisere Bibelens innhald. Når «kraftige gjerningar» og «tru som kan flytte fjell» (Matt.17:20) blir vist til, så skriv Årikstad rett fram:
Det finnes mange måter å bortforklare overstående bibelord på, men ingen kan nekte for hva som faktisk står der. (s. 78)
Vidare omtalar han mange sider ved Den Heilage Ande, og nyansane mellom det å få Anden, vere født av Anden, vere eit tempel for Anden og bli fyllt av Anden. Han forklarer uttrykket «åndsdåp», den truande sin identitet i Kristus og korleis Anden har ei rolle i å gjere oss meir lik Jesus.
Korleis kan vi vite at Gud leier oss?
For den som ønsker å vekse i det å bli leia av den Heilage Ande, så er her både eksempel frå Aposteltida og konkrete Bibelske testar for at du skal kunne evaluere om kjensla av leiing og retning i livet er frå Gud eller ikkje.
Her kan du lære om dei ulike nådegåvene og Bibelsk praksis for desse, samt undervisning om Andens frukter som skal vekse fram i kristenlivet.
Utrusta til åndskamp
I tredje del er temaet Åndskamp. Her får du innsikt i bøn, lovsong og faste, saman med Andens kraft til teneste, teikn og under. Du får også ei innføring i det som har med den åndelege fienden å gjere. I fordjupinga kan du lære om besettelsar, og kva Bibelen har å seie om det.
Kraft til å vere Jesu vitne
I siste del blir ein ført tilbake til heile poenget med Andens utrustning og fylde: Teneste og misjon. Kva er det å vere ein Jesu disippel? Korleis skal vi takle prøvelsar og liding? Korleis bli utrusta til åndskampen og teneste? Til slutt vil dei biografiske framstillingane av både utanlandske og norske misjonspionerar inspirere deg til overgiving og avhengigheit til Gud i ditt eige liv.
Boktittelen «Ånd og kraft» viser til eit løfte frå Jesus:
«Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne…» (Ap.gj. 1:8)
Dersom du lengtar etter større ånds-fylde og meir kraft i ditt liv og vitne-teneste, kan denne boka vere eit eineståande hjelpemiddel. Kjøp, les og studér den grundig, og bli inspirert til å «leve i Anden» – i fylden, utrustninga, gåvene og fruktene av Den Heilage Ande – eit kristenliv i «Ånd og kraft».




